Vi tilbyr rimeleg overnatting og fantastisk frukost.

Vi tilbyr rimeleg overnatting, rom med to senger på kvart rom. Tilgang til dusj, badstova, vaskemaskin og tørketrommel. Det fins også godt utstyrte gjestekjøken for dei som ynskjer å laga sin eigen mat. Gratis WI-FI i alle rom, også utendørs. TV-stova. Stor hage med plass både for grilling, badminton og volleyballspeling. Frå hagen har du ei praktfull utsikt til Sørfjorden, Dronningstien og Folgefonna.

Alle romkategoriar har sengetøy og handklede inkl. i romprisen. Sovepose er ikkje tillatt.  

Kategoriar for rom m/prisar:
Hos oss finn du rom i ulike kategoriar, med eller uten dusj/wc. På alle rom er der to senger m/dyne og pute og håndvask. Ein av kategoriane er rom med dusj og toalett. Dei to andre har delte fasilitetar.
 
Kategori 1; Twin rom med dusj og toalett 1050.- inkl. stor frukost, sengetøy og handklede
Kategori 2; Tomannsrom m/fellesbad 950.- inkl. stor frukost, sengetøy og handklede
Kategori 3; Budget rom køyesenger 750.- inkl stor frukost, sengetøy og handklede

Vi har nokre tre, fire og femmannsrom med og uten dusj og toalett. Ring resepsjonen for informasjon om pris og tilgjengelegheit.

 

Kafè:

Frå kl. 18.30 - 21.30 serverer vi pizza i vår kafè. Hostellet har skjenkeløyve og sal av øl, vin og sider frå Aga Sideri i opningstida til resepsjonen om ettermiddagen/kvelden.

 
Reglar for overnatting og innsjekk:
Innsjekk  mellom kl. 15.15 og 22.00
Utsjekk før kl. 11.00
Hostellet leverer ikkje ferdig oppreidde senger.
Niste: 50.- må bestillast i resepsjonen dagen før

 

 
Opningstider:
Resepsjon : 08.00 – 11.00 og 15.15 – 22.00
Telefontid: 08.00 – 22.00

Bestill rom på booking.com

Nettsiden er utviklet av Digi Publishing AS

Personvern