Rominformasjon
Vi tilbyr rimeleg overnatting og fantastisk frukost.
Vi tilbyr rimeleg overnatting, rom med to senger på kvart rom. Tilgang til dusj, badstova, jacuzzi, vaskemaskin og tørketrommel. Gratis WI-FI i alle rom, også utendørs. TV-stova. Stor hage med plass både for grilling, badminton og volleyballspeling. I hagen finn du også hengekøyer og ei stor grillhytta. Frå hagen har du ei praktfull utsikt til Sørfjorden, Dronningstien og Folgefonna.
Alle romkategoriar har sengetøy og handklede inkl. i romprisen. Sovepose er ikkje tillatt.
Kategoriar for rom m/prisar:
Hos oss finn du rom i ulike kategoriar, med eller uten dusj/wc. På alle rom er der to senger m/dyne og pute og håndvask. Ein av kategoriane er rom med dusj og toalett. Dei to andre har delte fasilitetar.
Vi har nokre tre, fire og femmannsrom med og uten dusj og toalett.
For prisar sjekk booking.com
Kiosk:
I vår resepsjon kan du kjøpa brus, øl, sider, is og snacks.
Grillområde:
I hagen blir det satt opp grillområde som gjestene kan nytta seg av.
Boblebad og Sauna:
I garderobeannlegget fins der også ein sauna til fri bruk. Perfekt etter ein dag på Dronningstien. Gi beskjed i resepsjonen om du vil bruke den. Du vil finna tilgang til utendørs boblebad på eit avskjerma område. Åpent frå 16.00 - 22.00
Reglar for overnatting og innsjekk:
Innsjekk mellom kl. 15.15 og 22.00
Utsjekk før kl. 11.00. Keydrop i resepsjonen ved utsjekk.
Hostellet leverer ikkje ferdig oppreidde senger.
Niste: må bestillast i resepsjonen dagen før.
Opningstider:
Resepsjon : 15.15 – 22.00
Telefontid: 08.00 – 22.00