Nice hostel situated near Dronningstien with great view and big breakfastbuffet. Welcome to Hardanger Hostel B&B-Dronningstien

Hardanger Hostel B&B er eit stort hostel som ligg idyllisk plassert i den vakre fruktbygda Lofthus med frukthagar og vakker natur overalt. Her vil du oppleva stor gjestfrihet, og våre tilsette jobbar hardt for å laga ei koseleg atmosfære slik at opphaldet skal bli så fint som mogleg for våre gjester. Vi tilbyr rimeleg overnatting, rom med to senger på kvart rom. Tilgang til dusj, badstova, vaskemaskin og tørketrommel. Det fins også godt utstyrte gjestekjøken for dei som ynskjer å laga sin eigen mat. Gratis WI-FI i alle rom, også utendørs. TV-stova. Stor hage med plass både for grilling, badminton og volleyballspeling. Frå hagen har du ei praktfull utsikt til Sørfjorden og Folgefonna.
Plassen er også utgangspunkt for den populære turstien HM Dronning Sonjas Panoramatur, også kalt Dronningstien. Ein fantastisk tur som du må setja av tid til. Du kan også ta turen til NOSI – eit fjellframspring likt Trolltunga, men med om mogleg enno meir spektakulær utsikt. NOSI når du på 2 timars marsj frå Hostellet. Den ligg for øvrig på Dronningstien.

Hostellet ligg i kort bilavstand til utgangspunktet for turen til Trolltunga som også kan nåast med buss som stoppar like ved hostellet.

Siste nytt fra Hardanger Hostel B&B

Siste nytt fra Facebook

Nettsiden er utviklet av Digi Publishing AS

Personvern